Now hiring

Overlege Radiologi @ Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus ? Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk.

Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab.Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13,5 overlegestillinger.

Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette.Vi ønskjer no å styrkje laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i bakvaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk. Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med bakvakter i rullerande turnus. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før våren/hausten 2027, oppmodar vi likevel til å sende ein søknad. Ved intern omrokering kan andre stillinger bli ledige.

Skills

CT

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores