About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar. Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
- Informasjon til søkjarenTilsetjing vil skje fortløpande.
- Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
- Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
- Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.