About this role
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer LIS1-ferievikarar i perioden 21.06.2027 - 15.08.2027. Som ferievikar ved medisinsk sengepost får du brei erfaring innan indremedisin og akuttmedisin. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø og får arbeide tett saman med erfarne overlegar og LIS-legar. Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 cand.med/ALIS i ordnær drift. Medisinsk sengepost dekkjer den medisinske akuttfunksjonen for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 observasjonssenger.