About this role
Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø?
Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027.Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar.
Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi.
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er det flott vestlandsnatur i nærleiken som kan brukast heile året. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, sauna og klatring. Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino. Velkomen til Lærdal!