About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, helse- og sosialfag og medisin. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 34.
- Klinikk Ålesund sjukehusMedisinsk sengepost 1, 2 og 5Medisinsk poliklinikkKirurgisk sengepost A og BSengepost for barn og ungdom ÅlesundNyfødt intensiv seksjonKlinikk for kreft og rehabiliteringSengepost for kreft og blodsykdommerInformasjon til søkjarenTilsetjing vil skje fortløpande.
- Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov.
- Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
- Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
- Det kan påreknast opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.