Now hiring

Lærar @ Sandnes kommune

Sandnes, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi leitar etter to vikarar til Sviland skule, i tilsaman 150% stilling fram til sommaren. Ein 100% stilling og ein 50% stilling eller ein kombinasjon av to deltid alt ettersom.

Vi ser etter deg som: Elskar uteskuleBrenn for noko! Uteskule, musikk, fuglar, dataspel, brettspel, verdsrommet, rumpetroll, bøker, makerspace, internasjonalisering eller kanskje noko anna? Vi leitar etter deg som vil vera ein del av ein gjeng, som tenkjer at saman vert vi alle betre.Er dette deg?

Les vidare så skal vi fortelle deg litt om oss sjølve. Sviland skule sin visjonen er å vera «saman om læring og glede!» med fokus på trygg, raus og kreativ samhandling. Skulen vår, som ligg i naturskjønne omgivnader i hjarte på Sviland nokre få kilometer frå Sandnes sentrum, er kjent for å være ein aktiv og spennande skule som engasjerer heile bygda. Skulen er heilt ny (2021 med gymsal frå 2023) og har alle spesialrom, mykje teknisk utstyr og flott kantine som serverar mat til elevane tre gonger i veka. Skulen har i dag ca 140 elevar og ca 25 ansatte og i følge ryktene, verdas beste SFO.Av andre kjekke ting som bør nevnast så er Sviland skule akkreditert som Erasmus+ skule.

Sidan 2013 har vi delteke i prosjekter saman med skular rundt i heile Europa. Skulen og lærarar har motteke fleire prisar for dette arbeidet, med blant anna pris for beste E-twinning prosjekt i Noreg dei tre siste åra. Vi er og opptekne av å arbeide systematisk og målretta. For tida arbeider vi hardt med å bli betre på lesing, samt ha systematisk og god uteskule.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores