About this role
Sviland skule har 140 elevar og omtrent 25 tilsette. Forutan rektor, består skuleadministrasjonen av avdelingsleiar for skule, SFO-leiar og administrasjonskonsulent. Som rektor må du vera oppteken av trivselen til elevane og deira faglege utvikling. Du veit at dei tilsette, saman med elevar og føresette, er den viktigaste ressursen i skulen. Du jobbar for at skule og SFO skal fungera godt som ein heilskapleg organisasjon, gjennom medskaping på alle nivå. Du ser eigen skule som ein del av Sandnesskolen og bidreg til å utvikla denne vidare. Sviland skule sin visjon er å vera «Saman om læring og glede», med fokus på trygg, raus og kreativ samhandling.
Skulen vår, som ligg i naturskjønne omgivnader i hjartet av Sviland, nokre få kilometer frå Sandnes sentrum. Vi er kjent for å vere ein aktiv og spennande skule, som engasjerer heile bygda. Skulen fekk nybygg i 2021 med gymsal frå 2023, og har alle spesialrom, mykje teknisk utstyr og flott kantine som serverar mat til elevane tre gonger i veka. Av andre kjekke ting som kan nemnast, så er Sviland skule akkreditert som Erasmus+ skule. Sidan 2013 har vi delteke i prosjekt saman med skular rundt i Europa. Skulen og lærarar har motteke fleire prisar for dette arbeidet, med blant anna pris for beste E-twinning prosjekt i Norge dei tre siste åra.
Vi er og opptekne av å arbeide systematisk og målretta. For tida arbeider vi hardt med å bli betre på lesing, samt ha systematisk og god uteskule. Det er viktig at ny rektor byggjer videre på desse innsatsområda.
Skulane i Sandnes er organisert som sjølvstendige resultatområder. Rektor har det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for skulen innanfor gitte rammer. Rektor rapporterer til kommunalsjef skule og deltek i profesjonelle læringsfellesskap med andre rektorar i Sandnesskulen. Som rektor i Sandnesskolen står du ikkje aleine, du får oppleva at du er ein del av et leiarlag. I tillegg til skulens egen leiargruppe, blir du ein del av eit dyktig rektorlag som får god oppfølging og har tett dialog med kommunalsjef skule, skoleteamet og dei andre støttesystema (administrative og pedagogiske) i kommunen. Sandnesskolens visjon er "På LAG for livslang lærelyst" med verdiane verdsetjande, inkluderande og medskapande.