Now hiring

100 % vikariat på Sal, service og reiseliv @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skulen har ledig eit 100 % vikariat som kontaktlærar på Sal, service og reiseliv frå 15.01.2027 til 15.12.2027.

Os vidaregåande skule har tilbod om både yrkesfag og studiespesialisering innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette, fordelt på to lokasjonar. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring. Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores