About this role
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg assisterande rektor til Åsane vidaregåande skule. Assisterande rektor må ha evne og vilje til å bidra til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra. Det er forventa at assisterande rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.