About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank SNR og Avdeling for medisinsk mikrobiologi SNR har behov for ferievikarar f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 34. Vi treng bioingeniørar, bioingeniørstudentar og laboratorieingeniør.
Informasjon til søkjarenTilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Det kan påreknast to til tre veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.