About this role
Vi søkjer to sterilforsyningsteknikarar i 100 % vikariat. Ønskjer du å arbeide i eit fagmiljø der kvalitet, nøyaktigheit og ansvar står i sentrum? Vi ser etter deg som har auge for detaljar, arbeider strukturert og er oppteken av å levere arbeid av høg kvalitet. Hos oss er presisjon avgjerande, fordi arbeidet vi gjer er ein viktig føresetnad for trygg og god pasientbehandling.I sterilforsyninga har vi ansvar for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr blir desinfiserte, kontrollerte, pakka og steriliserte i tråd med strenge faglege standardar og krav til kvalitet, sporbarheit og pasientsikkerheit.Vi er inne i ei spennande utvikling og skal byggje ein ny og moderne sterilsentral som etter planen står ferdig hausten 2027.
Dei nye lokala vil gi gode og framtidsretta arbeidsforhold med moderne løysingar for logistikk, rein og urein sone, sluser og avansert teknologisk utstyr. Mellom anna blir det teke i bruk automatiserte løysingar som lagerrobot, noko som vil bidra til effektiv drift og høg kvalitet i arbeidet vårt. Satsinga legg til rette for å møte framtidige krav innan smittevern, pasientsikkerheit og sterilforsyning. Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og ambisjonar. Vi arbeider systematisk, deler kunnskap og støttar kvarandre for å sikre høg kvalitet i alle ledd og den beste behandlinga for pasientane våre.