About this role
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum? Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledig fast stilling som intensivsjukepleiarIntensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team.
Hos oss får du
- Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
- Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
- Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientaneIntensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking.
Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!