About this role
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra. Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.