About this role
Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinske legar og kirurgiske legar har behov for vikarar for LIS1/medisinstudent med lisens i i perioden veke 24 - 33.Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov.
Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide.
Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.