About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane våre, og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har behov for ferievikarar frå og med veke 23 til og med veke 32.Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
Det kan påreknast to til tre veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.