About this role
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt?
- Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmrVi har ledig:100 % fast stilling90 % fast stilling80 % fast stillingStillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
- Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit.
- Oppstart etter avtale.
- Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar.
- Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer.
- Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.