About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
- Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027.
- Vi treng sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.
- Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. 01.06.27 t.o.m. 31.08.27:Kirurgisk sengepostIntensivAkuttmottakFøde, barsel og gyn.polMedisinsk sengepostInformasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.