About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.SNR Hjelset treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027.
- Vi treng sjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin.
- Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35:Sengepost Nevrologi og ortogeriatri SNRSengepost Medisin 1 SNR (hematologi, kreft og palliasjon)Sengepost Medisin 2 SNR (gastro, indremedisin og lunge)Sengepost Medisin 3 SNR (infeksjon, geriatri og hjerte)Sengepost Kirurgi 1 SNRSengepost Kirurgi 2 SNRDagkirurgi SNRDialyse SNRAkutt 24 SNRFøde og barsel SNRAkuttmottak SNRInformasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- I søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide.
- Du må rekne med å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.