About this role
Brenn du for å gi gravide og familiane deira ei trygg, heilskapleg og omsorgsfull oppfølging gjennom svangerskapet? Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste.
- Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk jordmor med fokus på kvalitet, førebygging, tidleg innsats og eit ønskje om å delta i tverrfagleg samarbeid.
- Arbeidsoppgåver Svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale faglege retningslinjer Heimebesøk til barselkvinner og nyfødde etter fødsel Etterkontroll med rettleiing om prevensjon, inkludert innsetjing av langtidsverkande reversibel prevensjon (LARC) Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsesjukepleiar Tverrfagleg samarbeid med andre tenester Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisasjon som jordmor (mastergrad eller vidareutdanning i jordmorfag) Norsk autorisasjon som helsepersonell Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner God skriftleg og munnleg framstillingsevne Ønskt kompetanse Erfaring frå svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ønskjeleg Særskilde krav Krav om politiattest, jf.
Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Fagleg trygg og engasjert Relasjonssterk og tillitvekkjande Sjølvstendig og strukturert Fleksibel og løysingsorientert Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vektleggast. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTrond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742 ArbeidsstadGamleveg 44 3802 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5207967434 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.12.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv.
Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.