About this role
Midt-Telemark søkjer etter trygge og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss. Me søkjer tilkallingsvikarar ved: Folkestad barnehage, som ligger i Folkestadfeltet. Gullbring barnehage, som ligger ved Bø hotell. Bøhamna barnehage, som ligger ved USN. Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelege barn og kollegar, send oss ein søknad i dag. Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår. Arbeidsoppgåver Delta i gjennomføring av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen og barnehagens årsplan. Delta i daglege rutiner på avdelinga. Delta i leik og samspel med barn, og bruke språket aktivt. Delta i dagleg kontakt med foreldre. Andre praktiske oppgaver, som for eksempel: Tilbrede og rydde til måltid. Rydde og klargjøre avdelinga. Kvalifikasjonar Ønska kvalifikasjonar/kompetanse: Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomssarbeidar. Ønskjeleg med anna relevant utdanning, f.eks barnehagelærar eller spesialpedagog. Ønskjeleg med erfaring fra arbeid med barn i barnehage, eller anna relevant arbeidserfaring med barn. Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30. Skal framvisast før oppstart i stilling. Tilfredsstillande norskferdigheitar, jmf. barnehageloven § 27. Personlege eigenskapar Evne til å skape trygge relasjoner med barn. Vere fleksibel og kunne jobbe på fleire avdelingar. Trivas med å jobbe både ute og inne. Vere ein god rollemodell som bidrar til å skape meiningsfylte dagar for barna og eit godt arbeidsmiljø. Stabil og høg arbeidskapasitet. Helse som er foreineleg med arbeidet. Personlig eignaheit vil bli vektlagt. Me tilbyr Engasjera kollegaer og godt arbeidsmiljø. E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune. Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju. KontaktinformasjonLine Cecilie Haugerud, Styrar Folkestad barnehage, 90784260, [email protected] Astrid Hegna, Styrar Bøhamna barnehage, 97101988, [email protected] Ingvild Tovslid Aase, Styrar Gullbring barnehage, +47 91992946 Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5126651885 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.