About this role
Sjukepleiar/Framtidig Uroterapeut søkast til Kirurgiske poliklinikker SNR! Vil du bli spesialist på eit felt i rivande utvikling og jobbe i ein strukturert poliklinisk kvardag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å videreutdanne seg til uroterapeut, med full økonomisk støtte frå seksjonen. Kirurgiske poliklinikkar har stor aktivitet og behandlar pasientar med eit bredt spekter av lidingar i urinveiane. Uroterapi er ein heilt sentral del av vårt polikliniske tilbod, og vi ønsker no å styrke teamet vårt med ein framtidig fagspesialist. Vi tilbyr ei 80 % fast stilling som sjukepleiar hos oss, med ein integrert utdanningsavtale for videreutdanning i uroterapi (60 studiepoeng, deltid over 2 år, med oppstart haust 2027 i Bergen).
Seksjonen dekker studieavgift, reiseutgifter til samlingar og gir tilrettelagt permisjon med lønn på studiedager etter avtale. Vi tilbyr: Ei fullfinansiert videreutdanning i uroterapi (studieavgift, litteraturstøtte og reisedekning). Arbeidstid hovedsakeleg på dagtid (mandag–fredag). Ein tilrettelagt studiekvardag der seksjonen legg til rette for samlingar og studiedager. Eit sterkt fagmiljø med fokus på kompetanseheving, kvalitet og godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom sjukehuset. Praktisk informasjon om utdanningsavtalen: Utdanninga gjennomførast som eit deltidsstudium over 2 år.
Det vil bli oppretta ein formell utdanningsavtale mellom sjukehuset og den som tilsettast. Avtalen inneber økonomisk støtte og permisjon under studietida, mot ei bindingstid på 2 år i 80 % stilling ved poliklinikken etter fullført utdanning. Tilsetting etter avtale med leiar. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
- Arbeidsoppgåver Assistanse ved polikliniske undersøkingar og inngrep (f.eks. cystoskopi, biopsier og enkle operasjoner).
- Sjølvstendige sjukepleiarkonsultasjonar, inkludert oppfølging av kreftpasientar, kateterskift og skylleregimer.
- Tverrfagleg samarbeid med urologar og andre faggrupper.
- Når studiet er gjennomført, vil du få eigne uroterapeutiske konsultasjonar med ansvar for utgreiing av inkontinens, blæretrening, urodynamiske undersøkingar og opplæring i RIK/KIK.
- Kvalifikasjonar Har norsk autorisasjon som sjukepleiar (gjerne med erfaring frå poliklinikk eller urologi, men opplæring vil bli gitt).
- Har ei genuin interesse for urologifaget, kontinensutgreiing og pasientundervisning.
- Trivst med høgt tempo og raske pasientutskiftingar, men samstundes har evne til å skape tryggheit i sårbare situasjonar.
- Er strukturert, løysingsorientert og trivst med stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.
Personlege eigenskapar Vi søker deg som: Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg Er strukturert, ansvarsbevisst og håndterar ein variert arbeidskvardag Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Er fleksibel og løysingsorientert Har gode kommunikasjonsevne og set pasienten i sentrum Personlig eignaheit for stillinga vil bli vektlagt Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonIda Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5200907849 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 23.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell?
Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal