Now hiring

Helsesekretær/sekretær @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

Førde, NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027. Vikariatet kan bli forlenga ved behov.

Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.

Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.Vi ser fram til å høyre frå deg.

Send oss søknad og oppdatert CV.

  • Arbeidsoppgåver Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena) Pasientservice Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste) Telefonadministrasjon Anna førefallende pasientadministrativt eller pasientretta arbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsesekretær eller anna relevant utdanning Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar Serviceinnstilt og imøtekommande i møte med pasientar og kollegaer Strukturert og nøyaktig, også i ein travel kvardag Sjølvstendig og ansvarsbevisst Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Trivst i eit tverrfagleg miljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Spennande og utfordrande jobb Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonBelvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5208246565 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 25.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores