About this role
Nevrologi og rehabilitering sengepost søkj e r ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag. Stilling:
Midtsoneassistent Periode: d.d. - 31.10.2027 Om stillinga Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver. Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen. Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten.
I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning. Arbeidsoppgåver Førefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver t.d. rydde rom, vaske utstyr og skylleromsarbeid Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden Yte god service til pasient, pårørande og kollegaer.
Kvalifikasjonar Det er krav om fullført vidaregåande skule Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring og kurs i interne program vert gitt.
Personlege eigenskapar Bidra positivt til kollegialt godt miljø Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Tilpassingsdyktig Påliteleg og arbeidssam Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer Vi tilbyr Varierte og spennande oppgåver Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Arbeidstid dagtid Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5209104749 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 29.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.