About this role
Fjord kommune har ledig vikariat (november 2026 - juli 2027) som barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling. Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen. Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet. Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.
- Søkjarar vert kalla inn til intervju Arbeidsoppgåver Vere pedagogisk medarbeidar i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen Vere aktiv i barnehagen sine utviklingsarbeid Vere ein trygg vaksen for barn og føresette Medansvar i arbeidet med HMS Kvalifikasjonar Barne- og ungdomsarbeidar (primært) Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Erfaring med ASK er ønskeleg Personlege eigenskapar Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør Du har god digital kompetanse Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Lønn i samsvar med avtaleverk Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot KontaktinformasjonTorill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, 41867881 ArbeidsstadOlavsgata 20 6210 Valldal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune Referansenr.: 5206691147 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 25.11.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus. Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no