Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage @ SYLTEBØEN BARNEHAGE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord kommune har ledig inntil seks (6) stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage frå 03.08.2026. Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling. Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen. Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet. Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø. Søkjarar vert kalla inn til intervju Arbeidsoppgåver Vere pedagogisk medarbeidar i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen Vere aktiv i barnehagen sine utviklingsarbeid Vere ein trygg vaksen for barn og føresette Medansvar i arbeidet med HMS Kvalifikasjonar Barne- og ungdomsarbeidar (primært) Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform. Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Erfaring med ASK er ønskeleg Personlege eigenskapar Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre. Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. Du har positiv innstilling og godt humør Du har god digital kompetanse Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Lønn i samsvar med avtaleverk Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot KontaktinformasjonTorill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881 ArbeidsstadOlavsgata 20 6210 Valldal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune Referansenr.: 5166698860 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 30.08.2026 Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores