Now hiring

Barnehagelærarar på Flatraket @ STAD KOMMUNE FLATRAKET BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette. Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg. Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette. Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt. Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.

Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø?

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar.

Personlege eigenskapar Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid.

Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.

KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, [email protected] ArbeidsstadFv618 220 6717 Flatraket Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5208435273 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust.

Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim.

Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores