Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar på Flatraket @ STAD KOMMUNE FLATRAKET BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønsakshage ved siden av barnehagen. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen. Det er 14 born og 6 tilsette i barnehagen. Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Arbeidsoppgåver Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Dagleg oppfølging av barna Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte Personlege eigenskapar Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt. Søkjarar må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, [email protected] ArbeidsstadFv618 220 6717 Flatraket Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5193128810 Stillingsprosent: 60, 40% Fast, Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores