About this role
50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i hud- og veneriske sjukdomar er ledig frå 1. april 2027, eller etter avtale, hjå hudlege Danielsen på Voss. Praksisen er lokalisert i Skulegata 11a, 5700 Voss. Praksisen nyttar Infodoc journalsystem og er tilknytt Norsk Helsenett. Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen.
Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast januar 2029. Det er ønskeleg at tida vert delt – dels som vekedagar, dels som heile veker. Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksiserfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialistpersonlege eigenskaparinnretning av praksissamarbeid med andrePraksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.