Now hiring

50 % avtaleheimel i psykiatri i Bergen @ Helse Vest RHF

STAVANGEROnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i vaksenpsykiatri er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale. Noverande praksis er lokalisert i Bergen sentrum. Det er ein føresetnad at når senior avsluttar sin praksis, må overtakande lege fortrinnsvis etablere avtalepraksisen i Bergen Nord. Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast august 2028. Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokale som senior, i tett samarbeide med senior. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores