About this role
Vil du bli ein del av tannhelseteamaet vårt på Ålesund kompetanseklinikk? Ønskjer du spennande utfordringar på ein av landets største offentlege tannklinikkar? Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi har 2 ledige, faste 100 % stillingar som tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk. Ålesund kompetanseklinikk er ein av dei største offentlege tannklinikkane i landet, med moderne og godt utstyrte behandlingslokale sentralt i Ålesund. Klinikken tilbyr kompetansebasert behandling til prioriterte pasientgrupper, med høg vekt på kvalitet, fagleg utvikling og pasienttryggleik. Med om lag 13 000 pasientar og 40 tilsette fungerer klinikken òg som henvisningspraksis for dei offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.