About this role
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Indre Sunnmøre? Vi søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100 % stilling i Ålesund kompetanseregion. Du vil få ein variert arbeidskvardag fordelt mellom distriktstannklinikken Stranda (60 %) og distriktstannklinikken Valldal (40 %)Mellom fjord og fjell ligg Stranda og Valldal, omgitt av nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet. Her kan du nyte eit variert friluftsliv året rundt, frå toppturar og skikøyring til sykling, båtliv og rafting. Regionen er kjend for levande lokalsamfunn, eit aktivt kultur- og foreiningsliv og gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar som ønskjer ein aktiv og innhaldsrik kvardag. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell: Visit Stranda: www.visitstranda.com eller Valldal Adventure Valley: www.valldal.no