About this role
Eining for teknisk drift har ledig 100% fast stilling som reinhaldar. Nissedal kommune har for tida tretten bygg som dagleg skal reingjerast. Til saman er det ti reinhaldarar som kvar dag sikrar fornøgde brukarar. Nissedal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tenestane skapast gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette. Reinhalderane jobbar både i team på to og to eller aleine.