About this role
Vil du vere med og byggje verdas beste oppvekstbygd?Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2026 - 10.10.2027.I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge. Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å gi barna ein trygg og utviklande kvardag, og som ser verdien av å byggje gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer.