About this role
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester?Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.