About this role
Ved Vartdal helsetun bufelleskap/heimetenester har vi ledig vikarstilling for pleiemedarbeidar for perioden d.d.- 31.03.2027 med moglegheit for forlenging av vikariatet. Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bruker ved bufelleskapet og heimetenester. Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar der sjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar. Vi utfører heimebasert omsorg langs Vartdalstranda.