About this role
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker detDu kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALISLegetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.Helsestasjon/skulehelseteneste:Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet.
I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane. Legen samarbeidar både med helsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste. Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar.
Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling. Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar. Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane). Sjukeheim: Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal. Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.