About this role
Prostipresten har gudstenester både i Sauda, og inngår hovudsakleg i gravferdsturnus med sokneprestane i Sauda. Nokon tenester kan bli lagt til Ryfylke prost. Sauda har omlag 50-60 gravferder på eit år. Prostipresten kan påleggast noko arbeid med konfirmantar både i Sauda. Prostipresten deltek på prostisamlingar (om lag 10 i året) og gjer teneste etter dei planane som gjeld i prostiet. Prostipresten deltek i beredskapsordninga slik den er ordna i Stavanger bispedøme.
Dersom søkjaren har evne og kompetanse kan det blir tenester i Sandeid fengsel. Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som framleis er godt forankra hos folk flest. Kommunane i Ryfylke har lagt svært godt til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Sauda (ca. 4500 innb.) har attraktive skisenter og nye symjehallar. Det er og eit svært aktivt musikk- og kultur miljø i regionen. I begge kommunane er det eit godt samarbeid med mellom kyrkja og kommunen.
Sauda sokn har tatt initiativ til ein årleg «Barn-er-bra-festival» i samarbeid med Sauda kommune og hjørnesteinsbedrifta Eramet. Sauda har fylgjande stillingar i tillegg til prostipresten: sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon. Suldal har 4 sokn: Jelsa, Erfjord, Sand og Suldal. Suldal har to sokneprestar, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon.