Now hiring

Sokneprest i Jæren prosti med Nærbø sokn som tenestestad @ Stavanger bispedømmeråd

VarhaugOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein prest med Jesus-begeistring og ein evne til å formidla Guds ord for både barn, unge og vaksne? Kan du engasjera og disippelgjera medarbeidarar, samt jobbe godt i team? Velkommen som søkjar til ei prestestilling i ein gild stab med mange aktive frivillige!Nærbø ligg i Hå kommune, som har mykje vakker natur og gode tilbod for små og store. Nærbø kyrkjelyd sin visjon er «Levande tru». Kyrkjelyden er prega av varierte gudstenester med godt oppmøte frå alle aldrar. Involvering, misjonal tenking og kyrkjelydsutvikling er viktige stikkord for oss i åra framover. Nærbø sokn har gudsteneste kvar sundag, på alle høgtidsdagane samt nyttårsaftan. Førre år vart det gjennomført 82 gudstenester i soknet. Det blir brukt nynorsk liturgi. Gudstenestene er varierte med m.a. temagudstenester og generasjonsgudstenester med stor bredde i form og innhald. Mange av gudstenestene vert strauma på nett. Ulike aldersgrupper er representerte i gudstenestene. Snittframmøtet på gudstenestene er rundt 200. I 2025 var det 63 dåp og 94 konfirmantar i kyrkjelyden. I Hå er det ca. 40 vigslar og rundt 170 gravferder i året. Desse vert gjennomført i tenestevekene som er for heile fellesrådsområdet, saman med dei andre to sokneprestane i kommunen. Institusjonar i kommunen vert betjent saman med diakon. Mange frivillige er knytt til gudstenestearbeidet, diakoni, ungdomsarbeid og den kyrkjelege undervisninga. Frivillige tek aktivt del i planlegginga av gudstenester og andre arrangement. Kyrkjelyden har m.a. sundagsskule, baby og småbarnssong, tweensarbeid og ungdomsklubb. I Nærbø kyrkjelyd er det tilsett dagleg leiar, musikalsk leiar, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplærar og ungdomsarbeidar. Diakonen arbeider i alle tre sokna i Hå. Soknepresten har kontor i Nærbø kyrkje, og møter i stabsmøta saman med dei andre tilsette i Nærbø sokn. Dagleg leiar leier desse stabsmøta. «Noas ark – open barnehage» har tilhald i kyrkja og har ope tre dagar i veka. Her er det tilsett både styrar og assistent. Kyrkjelyden arbeider med utbygging av kyrkja.Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Hå kommune og Hå kyrkjelege fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med tre sokn: Nærbø, Varhaug og Ogna.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores