About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ei sengepost, Kvinnepost Tertnes og poliklinikk/ambulant team, Familieambulatoriet. Kvinnepost Tertnes består i dag av psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar. Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.
Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.Vi har no ledig eit års vikariat i 50% stilling på natt som sjukepleier eller vernepleier frå januar.
Det er moglegheit for forlenging.