Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar @ Valle kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring? Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027.Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen. Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet.

Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling. Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året..

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores