Now hiring

Straume bu og servicesenter @ STRAUME BU- OG SERVICESENTER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om oss

Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar. Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, eit bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader.

  • Vi har ledig 70% vikariat for helsefagarbeidar på natt.
  • Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret.
  • Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld 1 år.
  • Arbeidsoppgåver: Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar Dokumentasjon i gjeldande fagjournal Ivareta bebuars individuelle behov Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø Rettleiing av lærlingar og andre nytilsette Du bidrar med fagleg autoritet og varme.
  • Kvalifikasjonar: Autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Gyldig politiattest Ønskjeleg med: Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorga.
  • Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert.
  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team Du er stabil, påliteleg og ansvarleg Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt Anna: Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %) Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Moglegheit til å søke startlån.

Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon: Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune Kontakt: Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores