Now hiring

Helsesekretær/sekretær @ HELSE FØRDE HF PSYKIATRISK KLINIKK FØRDE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Serviceseksjonen i Psykisk helsevern har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær/sekretær med arbeidsstad ved Psykiatrisk klinikk i Førde. Seksjonen har ansvar for merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming og kvalitetsarbeid. Vi er 17 tilsette fordelt på kontorstadane Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal,.og er ein del av Psykisk helsevern i Helse Førde.

  • Arbeidsoppgåver Resepsjon Telefoni og kontaktsenter Pasientadministrativt arbeid knytt til innkalling og oppfølging av pasientforløp Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen Kvalifikasjonar Det er ønskjeleg at søkjar har autorisasjon som helsesekretær Fullført relevant vidaregåande utdanning eller fagbrev kan kompensere for manglande autorisasjon Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt Fordel med kjennskap til DIPS Personlege eigenskapar Vil du vere ein viktig støttespelar i ein travel og spennande arbeidskvardag?
  • Du er serviceinnstilt og trivst med å arbeide strukturert og nøyaktig.
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide både i team og sjølvstendig.
  • Du trivst med varierte oppgåver og til tider hektiske arbeidsdagar.
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø saman med kollegaene dine Personlege eigenskapar blir vektlagde.
  • Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Godt arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
  • Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonBeathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 97 15 35 87 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5202675542 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 15.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores