Now hiring

Miljøterapeut @ HELSE FØRDE HF PSYKIATRISK KLINIKK FØRDE

Førde, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar. Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar): 100 % fast stilling med oppstart i januar 2027 Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.

Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje. Arbeidsoppgåver Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar Kvalifikasjonar Må ha medisinsk kompetanse , til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordingar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonFrank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786 ArbeidsstedSvanehaugvegen 7 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5205446067 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores