Now hiring

Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken @ HELSE BERGEN HF LABORATORIE OG RØNTGEN HAUKELAND

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar! Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.

Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar og bioingeniørstudentar både no, sommaren 2027 og vidare utover hausten. Dette er ei felles utlysing for: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkludert: MBF Glasblokkene MBF Voss Mikrobiologisk avdeling (MIA) Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) Avdeling for patologi (PAT) Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) Kreftgenomikk (SKG) Biobank Haukeland (BBH) Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid. Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken.

  • Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.
  • Arbeidsoppgåver Alle bioingeniørar/bioingeniørstudentar må vanlegvis delta i blodprøvetaking Den som blir tilsett må pårekna både analytiske og preanalytiske oppgåver Kvalifikasjonar Fordel med relevant erfaring Må meistre norsk skriftleg og munnleg Kandidater med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte, men annan relevant utdanning kan vere aktuelt Personlege eigenskapar Påliteleg og arbeidsam Kunne arbeide i team Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel Like varierte utfordringar Serviceinnstilt overfor pasientar og pårørande, og du verdset samarbeid med kollegaer Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø Ein klinikk i utvikling med kollegaer som er opptatt av å lære) Ein inkluderande arbeidsplass Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
  • Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
  • KontaktinformasjonJohanne Lind Aasen, Assisterande leiar, Laboratorieklinikken, 55973119, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsbakken 5009 BERGEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195005591 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.

Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores