Now hiring

Bioingeniør @ HELSE BERGEN HF LABORATORIE OG RØNTGEN HAUKELAND

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig medarbeidar til 100% vikariat som bioingeniør ved avdelinga. Stillinga vil vere knytta opp mot Seksjon for flowcytometri. Seksjon for flowcytometri har eit breitt tilbod av analysar for diagnostisering og monitorering av blod- og beinmargssjukdommar. Bioingeniørar ved seksjonen deltar i ei beredskapsordning, og det kan vere behov for analyserarbeid utanom ordinær arbeidstid på helgar og på høgtidsdagar. Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss Arbeidsoppgåver Dagleg analysearbeid ved seksjonen Bruk og vedlikehald av seksjonens instrument Bidra i opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette Delta i vaktberedskap Delta på avdelingas blodprøvetakingsrunder Kvalifikasjonar Må ha norsk autorisasjon som bioingeniør Det er ønskeleg med erfaring frå flowcytometriske analysar Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar Systematisk og ryddig Må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og likar varierte arbeidsoppgåver Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen du er tilknytta, og avdelinga for øvrig Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsbevisst Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst Gode pensjons-og forsikringsordningar Gode opplæringsprogram Faglege utfordringar og varierte oppgåver Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJannike Lundervik Sælen, Seksjonsleiar flowcytometri, 55974639, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5139703240 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 27.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores