Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du være vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre? Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/spesialsjukeplaier i døgnposten vår. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av: Psykose sengepost SunnmøreAkutt psykisk helse SunnmøreAlderpsykiatri SunnmøreAllmennpsykiatri SunnmøreSikkerhetspsykiatri SunnmøreSpesialisert habilitering Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar.

Arbeidsstad vil vere ved døgnpost. Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon. Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).

Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Arbeidsoppgåver Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber Dokumentasjon Medikamenthandtering - ha medisinansvar Gi rettleiinng og opplæring til nye kollega Pasientnært arbeid Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri Meistre norsk skriftleg og munnleg God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen Personlege eigenskapar Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner Du kan arbeide sjølvstendig Du tek initiativ, og er trygg i rolla som sjukepleiar Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø Du er omstillingsdyktig Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga Du er ein relasjonsbyggar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Arbeidskle Fagleg utvikling - fagdagar Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonPamela Riise Loe, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5204822896 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 01.06.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.

Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.

Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores