Now hiring

Sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl. Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post. Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø. Ved interne omrokkeringer kan andre stillinger bli ledig. Arbeidsoppgåver Sjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år Pre- og postoperativ sjukepleie til barn Opplæring og undervisning av barn og pårørande Sjukepleieadministrative oppgåver Legemiddelhandtering Rettleiing av studentar og kollega Kontinuerleg forbetringsarbeid Sjukepleieprosedyrer Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå arbeid med barn Personleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting Personlege eigenskapar Du arbeidar sjølvstendig og i team Du har evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande Du er fagleg engasjert Du er ansvarsbevisst Du har vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag Fleksiplan, turnus går over 12 veker Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre. Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonIngrid Eriksen, Seksjonsleiar, 70167666, [email protected] Irene Margretehe Takvam, Ass.seksjonsleiar, 70167667, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5191803420 Stillingsprosent: 50, 80% Fast, Vikariat Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores