About this role
Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus? Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til: Medisinsk sengepost Kirurgisk/ortopedisk sengepost Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar 👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.
Kvifor velje Voss sjukehus?
Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus Kort veg frå idè til handling Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra Arbeidsoppgåver Medisinsk sengepost Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg. Kirurgisk/ortopedisk sengepost Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.
Traineesjukepleiar – for nyutdanna Oppstart juni 2027 100 % fast stilling frå dag éin 2-årig strukturert løp 3 periodar ved ulike einingar (m.a. medisinsk og kirurgisk sengepost) Felles opplæring, fagdagar og gruppebasert rettleiing Dette er eit sterkt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera. 📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar. 📞 Spørsmål om traineeprogrammet?
Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352.
Kvalifikasjonar Du: har norsk autorisasjon som sjukepleiar kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!
Personlege eigenskapar Du: er fagleg nysgjerrig og tek ansvar trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati Me tilbyr Fast heiltidsstilling Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk ⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, +4795890493 Ingrid Tennebekk Bjørke, Seksjonsleiar, +4790046319 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5206242879 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.