About this role
Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta. Vi søker etter tilkallingsvikar som r einhaldar til Voss sjukehus frå snarast. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus. Arbeidsoppgåver Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde Vedlikehaldsoppgåver Smittevask, vask og reiing av senger og hovudreinhald Arbeidsoppgåver i postkjøkken Dag-, kvelds- og helgevakter Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader Kvalifikasjonar Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er òg av interesse Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner Arbeidet er fysisk krevande Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Godt fagleg miljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer Relevant opplæring Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBjarte Nedkvitne, Seksjonsleiar Voss sjukehus, 99546788 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185029571 Stillingsprosent: 0% Anna Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.