Now hiring

Fast 100% sjukepleiar @ Midt-Telemark kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget!I heimetenesta arbeider du både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve.Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner.

Hos oss får du eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen.Vi deltek aktivt i prosjekt som skal utvikle og styrkje tenestene våre, og vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt. Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med på å påverke din eigen turnus.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores